Velkommen!



KomArtQuilt er eit enkeltpersonføretak som eg, Brit Valheim,  starta opp i januar dette året. Navnet tyder:
Kom- kommuniserende

Art- kunst

Quilt- bilder/quilt

 

Å quilte betyr å sy fleire lag stoff saman. Ei framside, eit mellomlag –gjerne av vatt- og eit bakstykke. Quiltemiljøet er ganske stort. Spesielt i USA. Her i Rogaland er det mange forskjellige foreningar. Eg er for eksempel medlem i Rogaland Quiltelag. Her er det medlemsmøter ein kveld pr. mnd. Då kan folk vise kvarandre kva dei held på med. Det er kurs, butikkar som viser sine varer og mykje anna. Dei fleste syr lappeteknikk- tepper, dukar, vesker…. Det finns uendeleg mange mønster og malar for dei nydelegaste arbeid.

 

Art-quilt er ein eigen kunstform der ein nyttar tekstilar til å skape eit uttrykk, konkret eller abstrakt.  Ein kan  lage flotte uttrykk  med å setje lappar saman på forskjellige måtar til eit kunstnerisk uttrykk, eller ein kan applikere eit motiv. Mulighetene er uendelige, og skiljelinjene mellom kva som er art-quilt og anna quilt er vage. Det er kanskje først og fremst den som skaper som kan definere kva ein arbeider med.

 

For meg er det eit  skilje mellom der ein kopierer mønster eller bilder som andre har designa, og det ein skaper ut frå indre tankar, inntrykk og opplevingar. Då vil ein uttrykke noko visuelt for seg sjøl eller andre.

 

 

Grunnen til at eg registrerte KomArtQuilt som firma, var at eg etterkvar har begynt å selje ein del bilder.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

KomArtQuilt © 2009 • Privacy Policy • Terms Of Use

 

 

KomArtQuilt © 2009  • Terms Of Use