Brit Valheim

 

Eg har jobba over 20 år i skolen. Dei siste ti åra som undervisningsinspektør på barnskolen på Jørpeland. Eg har tre flotte barn som eg er veldig stolt av. Eli er 26 år. Til våren er ho ferdig programmerer. Det er ho som designar heimesida mi. Randi blir 22, og går andre året i sjukepleien Erik blir 20 og går dette året på Sagavoll folkehøgskole.

Desse tre ungdommane mine er sjølsagt det viktigaste i livet mitt, og dei er mi største glede og inspirasjon.

 

 

Mine andre inspirasjonskjelder:

Etter mor sine utsagn har eg alltid vore kreativ. Fann som regel gode løysningar på det meste. Ved sida av bøker og vere ute i naturen har håndarbeid vore mi store interesse. Ei god håndarbeidslærerinne på ungdomsskulen gav oss stor frihet ved symaskinen, og sidan har eg sydd mykje. Klær til meg sjølv og ungane.  Men i 20-års-alderen fekk eg smaken på lappeteknikk og applikasjon.

 

Kreativitet  oppstår ikkje i eit tomrom. Utan familie og venner, alle gode samtalar, opplevingar, Guds inspirasjon i Ord og natur hadde livet vore fattig og kunsten utan liv og nerve.

 

Mange av mine venninner er kreative. Eg har lyst til å nevne nokre som har betydd mykje for min kreative utfoldelse.

Marit som er ein tusenkunstnar. Ho lagar modellar og syr og deler så gjerne både erfaringar og kunnskap. Ho inviterer venninner til fellesskap og kreative samvær. Mykje fint er skapt i arbeidsstova hennar. Ho er og veldig dyktig i hagen, lagar dei flottaste miljø. Snekrar, og kombinerer trearbeid med planter, stein og mykje anna. Eit syn verd.

Bjørg Mary er og kunstnar. Ho malar og lagar mykje fint i keramikk. Utstillingane som ho har hatt heime i hus og hage saman med andre kunstnerar frå bygda er ei oppleving. Eg vert alltid inspirert av samtalar og samvær med Bjørg Mary.

Kari og Ingeborg som eg reiser på kurs med (Dette kan me sikkert kalle tradisjon etterkvart) Me har vore på Stord, Grimstad, og sist sommar var Kari og eg i Danmark hos Solvejg Refslund. Fantastiske opplevingar som ikkje hadde vore dei same viss eg ikkje hadde hatt lag med desse flotte damene. Latteren sit laust når me er på tur.

Hilde er mi gode venninne. Me har hatt mange flotte stunder i lag. Spesielt kreative døgn på hytta på Idse. Ho med malarsaker og eg med symaskin. Høgtlesing, gode samtalar og bøn er ein naturleg del av turane.

Linda er og til stor inspirasjon. Utruleg flink med fargar. Ho kan trylle med stoff, garn, perler, tråd. Lagar dei flottaste kreasjonar. Og mykje av materialet finn ho på Fretex. Fantastisk. Ei glede for meg å vere med på kos og kreativitet på garasjeloftet til Linda ein gong i mnd.

Astrid som er glaskunstnar og skaper dei vakraste ting. Ei stor glede å vandre på oppdaging blant kunstverka i Glasskjellaren.

 

Og så er det alle turvenninnene mine. Eg elskar (sterkt ord, men dekkande) å vere ute i naturen. Her finn eg masse inspirasjon til bilda mine.

Anne …. Alle dei flotte turane me har hatt. Me deler gleda over naturen og mykje mykje anna. Ho har vore mi støtte i stort og smått og  mi bestevenneinne frå me var ti år.

Her på Jørpeland er det spesielt Siri og Gro eg har gått mykje tur med. Dei har vore og er mine gode medvandrarar. Mange flotte turar og gode samtalar har det blitt dei siste åra.

Og så er det Torhild som eg padlar saman med. Med kajakken kjem ein på stader ein elles ikkje ville funne. Me har hatt mange flotte turar (og samtalar) på fjorden.

Marit (søster) som alltid er der for meg og som eg alltid set like stor pris på. Turane med ho er perler i kvardagen.

Inger: Først og fremst mi ferievenninne, sidan ho bur i Grimstad. Alltid like godt å vere saman med henne. Turar og djupe samtalar som betyr uendeleg mykje for meg

 

Ennå mange fleire enn dei eg her har nevnt som er av stor betydning i livet mitt. Når eg sit her og skriv, går det opp for meg igjen kor rik eg er.

 

Som dragen treng gode vindar for å få oppdrift og segle fritt, slik er alle vennene mine med og gir meg oppdriftog meining i livet.

 

Under sida Om bildene og bloggen  kan du lese meir om korleis eg jobbar og får inspirasjon til bildene mine.

 

 

 

 

 

 

KomArtQuilt © 2009 • Privacy Policy • Terms Of Use

 

 

KomArtQuilt © 2009  • Terms Of Use